Torsdag 2. mai

Skal teste varslingssystema

Åkerneset: Beredskapsinstrument på Åkerneset.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

I ei pressemelding frå Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) kjem det fram at dei skal teste varslingssystema sine som ein del av fjellskredberedskapen til kommunane langs Storfjorden.

Testen vil innebere at dei som har registrert adresse i, eller oppheld seg i ein kommune ved Storfjorden vil få ei melding eller ei oppringing på telefonen. I tillegg vil ein kunne høyre at sireneanlegga rundt om i fjorden blir testa. Dette gjeld sireneanlegga i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog, samt delar av Sykkylven kommune.

Viktig med beredskap

– Kommunane rundt Storfjorden er opptekne av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ein naturkatastrofe, det er derfor viktig å teste varslingssystema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette, heiter det i pressemeldinga frå ÅTB.

Ingen endringar

ÅTB poengterer at det ikkje er nokon endringar i bevegelsane i fjella og at geologane vil kunne varsle i god tid før eit eventuelt ras vert utløyst. Dei oppmodar også til å informere borna om testen av varslingssystema på førehand.

Testen vil verte gjennomført torsdag 2. mai mellom klokka 15:00 og 15:30.