Siste sko går ut døra etter 30 år

Slutt for skobutikk

Han har sytt for sko til mang ein strandar, men etter 30 år er det no slutt for Karsten Ødegård og Rusten Sko på Stranda.

Punktum for Rusten sko: Etter 30 år er det no slutt for Rusten sko på Stranda. Karsten Ødegård har drive skobutikken sidan 1989.  Foto: Eivind Louis Helset

Små born har prøvd sine fyrste sko her, fortel Karsten Ødegård

Nyhende

Det starta i 1989 då Karsten Ødegård tok over drifta av Brødrene Rusten på Urenfløten. Her dreiv han skobutikk fram til 2002 då han flytta butikken inn i nye lokale i Allmenningen 12. I 17 år har butikken vore i drift her og har hatt fleire trufaste kundar.

– Det er dei trufaste kundane som har handla her i alle år eg har mest låkt for, seier Ødegård.

Sko i alle storleikar

Skobutikken på Stranda har heile tida hatt ein familieprofil med utval av sko til heile familien. Heilt frå den minste skoen til vaksne storleikar.

– Små born har prøvd sine fyrste sko her, fortel Ødegård.

Handel i endring

Opp gjennom åra har bransjen utvikla seg i fleire og fleire retningar, og aldri før har det vore så mange kjeder som satsar på sko. Utfordringar frå større handelsstadar og ikkje minst internett har over tid ført til sviktande sal i butikken. Skobutikken på Stranda er ein del av skobutikkjeda Eurosko. Sosiale medium som Facebook har vore brukt for å nå ut til kundar, i tillegg til annonsering i lokalavisa.

Slutt etter 30 år

Karsten Ødegård har hjelpt mang ein kunde med sko til ulike hendingar.

– No ser vi ikkje nokon annan utveg enn å sette punktum for Rusten Sko, seier Ødegård. Når det no etter 30 år er slutt, er det vemodig å sleppe nyhenda om at vi må stenge dørene.

Sel ut alt

Torsdag morgon startar opphøyrssalet og det vil fortsette til det er tomt i butikken. Det er veldig mange sko som skal ut av butikken før det er tomt. Også vår- og sommarkolleksjonen for i år er å finne i butikken.