Strandryddeveka startar måndag

Geiranger først ute

  Foto: Anne Mari Westerås/Geiranger skule

Elevane i Sunnylven deltek som Geiranger-elevane årleg i ulike ryddeaksjonar. Her er elevane i aksjon i 2016.   Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Den nasjonale ryddedugnaden startar i år i Geiranger, med stor ryddeaksjon nede i sentrum.

Stranda hamnevesen, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv/Norsk Fjordsenter og ROV-partnar er blant aktørane som bidreg.

Ryddeaksjonen i Geiranger går føre seg i fjøra frå Gjøravika til og med Sildesteinen. I tillegg blir vegen frå sentrum til Hotel Union rydda.

Før aksjonen er det oppmøte hjå Norsk Fjordsenter, og det blir servert lunsj før ein skal ut og rydde.

Elevane deltek

Førti personar er allereie påmeldt ryddeaksjonen, deriblant elevane ved Geiranger skule.

– Vi kjem til å delta på ryddeaksjonen, stadfester rektor Tove Gjærde.

– Elevane er svært engasjerte, og set pris på å delta. Dei har delteke kvart år i ryddeaksjonar på eiga initiativ. For oss i verdsarvbygda er dette litt som ei sjølvfølge å bidra på, seier ho.

Lokalt næringsliv har då òg bidrege med støtte til elevane, mellom anna til klasseturar.

– I år blir det eit mykje større arrangement enn kva vi er vande med, men det blir spanande. Spesielt at ein skal rydde havbotnen med undervassdrone er noko vi er spente på, seier ho.

Hold Norge Rent, som er koordinator for aksjonen, stiller med hanskar og sekkar til alle som ønsker å delta.

– Ta gjerne med familie, vener og kjente. Saman ryddar vi Noreg, er oppmodinga frå dei.

Sunnylven deltek og

I Sunnylven vil både store og små òg få høve til å delta i ryddeaksjonen.

Då stiller Coop-butikken ryddeutstyr og container til disposisjon, der ein kan levere avfall frå ryddeaksjonen og hente utstyr. Utstyret kan hentast frå laurdag.

Totalt deltek 250 lokale butikkar i Coop-systemet rundt om i Noreg på tiltaket, som er gratis for kundane.

– Det er no på tide å gjere ord om til handling. Våre kundar er svært opptekne av miljø og berekraft, og vi ønsker å bidra med å gjere det enklare å delta i ryddeaksjonar, seier Michelle de Vries som styrer butikken i Hellesylt sentrum.

Elevane ved Sunnylven skule deltek som i Geiranger årleg i ulike ryddeaksjonar, og i fjor vart Hellesylt sentrum saumfare for avfall i samband med ryddeaksjonen.