Snart seriestart

Grei generalprøve for Stranda/Sunnylven

Sara Hoel Røyr(blå trøye) og dei andre hadde mange gode angrep i kampen mot Stordal. Raske angrep i lengderetninga mot eit Stordal-forsvar som stod høgt var ein god resept.  Foto: Arild Ringdal

Nyhende

For tredje gong i vinter/vår møttest Stranda/Sunnylven og Stordal sine damelag i fotball. Og for tredje gong enda det uavgjort. Tidlegare i år har laga spela 3-3 og 4-4.

Kampen på Mona onsdagskvelden enda 2-2. Alle måla kom i ein fartsfylt og spelemessig god 1.omgang, der heimelaget spela raskt i lengderetninga og hadde mange fine sjansar mot laget frå divisjonen over. Tidleg i omgangen stakk Ingrid Slettebak Urke gjennom i midten og sette ballen kontrollert i mål. Utover i omgangen sette gjestane inn to raske mål. Minuttet før pause utlikna Marie Vangen for heimelaget.

Andre omgang vart svakare. Tempoet datt mykje, presisjonen vart dårlegare og det var langt mellom dei gode sjansane.

2. mai åpnar Stranda/Sunnylven seriespelet borte mot MSIL. Spelarane og trenar Thomas Roset har lagt ned eit godt grunnlag gjennom vinteren og vere med å rekne med i årets utgåve av 4.divisjon.