Hugs bålforbodet

Illustrasjonsfoto.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Stranda kommune oppfordrar på sine nettside folk til å hugse på bålforbodet som no er gjeldande.

Frå og med 15. april til 15. september er det generelt bålforbod over heile landet. Dette inneber at det ikkje er tillate å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark. Grilling og bruk av bålpanne i til dømes eigen hage er framleis tillate.

Forbodet er heimla i forskrift om brannforebygging som er tilgjengeleg her.

Forskrifta opnar for enkelte unntak frå regelen. Dette gjeld til dømes på etablerte bålplassar og andre stadar som er heilt trygge. Om du er i tvil, er det betre å la vere å tenne opp bål.

Stranda kommune har også ei eiga forskrift om bålbrenning. Denne er tilgjengeleg her.