Måndag må piggdekka av

Illustrasjonsfoto.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Måndag er fristen for å ta av piggdekka i store delar av Noreg. Helst bør ein skifte til sommardekk, men undersøkingar viser at ein av fem køyrer gjennom sommaren på piggfrie vinterdekk. Dette melder Tryg Forsikring i ei pressemelding.

– Piggfrie vinterdekk har langt dårlegare veggrep enn sommardekk, ikkje minst på våt vegbane. Sjølv på tørr vegbane vil bremselengda vere betrakteleg lengre med piggfrie vinterdekk enn med sommardekk. Derfor anbefaler vi alle å få av vinterdekka, seier bilskadedirektør i Tryg Forsikring, Jeanett Tennefoss.

Risikerer vassplaning

I pressemeldinga kan ein lese at piggfrie vinterdekk har ein mjukare type gummi enn sommardekk. Resultatet er at bilføraren risikerer ustabilitet, lengre bremsestrekning og langt dårlegare drenering av regnvatn. På våt vegbane risikerer du å få vassplaning ved lågare hastigheit enn med sommardekk.

Slitne sommardekk

– Det er også viktig å sjekke mønsterdjupna på sommardekka. Vegtrafikklova seier at mønsterdjupna skal vere minst 1,6 millimeter på sommardekk, men Tryg anbefaler ei djupne på det dobbelte, heiter det i pressemeldinga.