Ferjetrafikken i Møre og Romsdal

Markant nedgang i trafikken i mars

Ferjetrafikken i Møre og Romsdal sank kraftig mars 2019 samanlikna med mars 2018.

Nedgang på fjorden: Både Stranda–Liabygda og Eidsdal–Linge hadde nedgang i ferjetrafikken i mars samanlikna med mars 2018.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

13 551 passasjerar reiste over fjorden mellom Stranda og Liabygda i mars månad i år. Det er 3 636 færre passasjerar enn same månad i fjor, ein nedgang på 26,8 %. Når det gjeld køyretøy ser ein nedgang på 7,9 %, frå 14 121 mars 2018 til 13 004 køyretøy samanlikna med mars 2019.

På ferjestrekninga Eidsdal–Linge er nedgangen i passasjerar på 24,8 %, frå 9 451 passasjerar mars 2018 til 7 108 passasjerar i mars 2019. Nedgang var det også i talet på køyretøy frå 10 111 i mars 2018 til 9 250 køyretøy i mars 2019. Det er ein nedgang på 8,5 %.

– Hovudgrunnen til nedgangen om ein samanliknar mars 2019 og mars 2018 er at påska inntrefte i mars månad i fjor og i april månad i år, seier Atle Ræstad, rådgivar i Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal.

Trafikkstatistikken for fyrste kvartal 2019 samanlikna med fyrste kvartal 2018 viser også nedgang i trafikken, men også her er påsketrafikken med og gir ein skeiv balansegang.