Tap i serieopninga

Arkivbilete  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Stranda tapte 0-4 mot seriefavoritt Langevåg torsdagskvelden. pauseresultatet var 1-0 til laget frå Sula.

Mål pregar kampar, slik også i denne kampen. -I 1. omgang skapte vi sjansar og styrte mykje av spelet. Vi burde leia til pause, seier trenar Arnfinn Røyrhus Lødemel. Han er under eitt godt nøgd med det laget presterar i banespel i nitti minutt. Etter trenaren si vurdering var Stranda heilt på høgde med Langevåg gjennom heile kampen. Måla i andre omgang kjem etter kontringar når Stranda måtte framover på bana.

-Baklengsmåla kjem etter personlege feil og dårleg kommunikasjon. Vi hadde ein kampplan som laget holdt seg til. Prestasjonen var betre enn resultatet, meinar Røyrhus Lødemel.

Neste oppgåve for det unge Stranda-laget er FK Sykkylven, av mange rangert som Langevåg sin sterkaste opprykksrival. Laget frå grannekommuna starta sesongen med ein solid 7-1 siger over Godøy. Kampen på Mona komande torsdag bør vere ein godbit for lokale fotballentusiastar. Det er nokre år sidan siste lokalderby.