Fleire topplasseringar

Feltmeisterskap i nabofylket

I alt 72 skyttarar deltok. deltok i helga på Haugenfelten i Eid kommune.

Haugenfelten: Kirsti Frøysadal Hauge og Ola Vangen, begge Sunnylven skyttarlag, deltok på Haugenfelten i Eid kommune.  Foto: Privat

Nyhende

Familien Frøysadal Hauge frå Sunnylven skyttarlag tok heim sigrar i tre klasser. 7 lokale skyttarar deltok i meisterskapen.

Vant sine klasser

Brørne Ørjan og Isak Frøysadal Hauge, som skyt for Sunnylven skyttarlag, vant begge to sine klasser. Ørjan skaut 28 treff av 30 moglege, og med resultatet 28/16 vant han klasse rekrutt. Storebror Isak skaut fullt hus med 30 av 30 moglege treff og vant med det si klasse, eldre rekrutt, med skytinga 30/27. Kirsti Frøysadal Hauge, skaut også fullt hus i sin feltserie, 30 av 30 moglege treff, og vant klasse 1 med skytinga 30/15.

I klasse 2 var Roger Vangen frå Stranda skyttarlag einaste deltakar, og noterte seg resultatet 22/14. Marie Vangen som også skyt for Stranda skyttarlag enda på ein 7.-plass i klasse 3 med skytinga 25/11.

For Sunnylven skyttarlag skaut også Ola Vangen i klasse 5. Med skytinga 28/16 enda han på 2. Plass i si klasse. Oddmund Fivelstad kunne notere seg resultatet 30/23, eit resultat som gav han 2.-plass i klasse V73.