Undersøking om radiotilbodet

Fleirtalet er nøgde

  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Ei undersøking gjort av Kantar Media viser at over halvparten av befolkninga i Noreg er fornøgd med det totale radiotilbodet.

– Undersøkinga viser at dei fleste er fornøgd med det totale radiotilbodet og innhaldet i radiosendingane. Ein firedel har inga bestemd meining om radiotilbodet og to av ti er misnøgd, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

Det er første gong Medietilsynet spør kor fornøgd befolkninga er med radiotilbodet i Noreg. Tal frå Kantar Media viser at seks av ti er fornøgd med innhaldet i sendingane.

I gjennomsnitt har kvar husstand over ti apparat til å høyre på radio, både digitalt og på FM. Det finst rundt 3,6 millionar FM-radioar i Noreg, ein nedgang på 1,1 millionar på eit drygt år.

Til samanlikning er det rundt seks millionar dab-radioar i Noreg, ein oppgang på 350.000 det siste året.