Første cruisebåten for sesongen

Kom med snøen

Ein glad gjeng, trass snøvêret. Frå venstre: Bente Bonsaksen, Frank Bonsaksen, Inge Hole – Driftsjef Stranda Hamnevesen, Oddvar Gausdal, og Ole Hjalmar Bonsaksen, kaihunden Diezel var med i dag.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

AIDAsol var fyrste cruisebåt til kai på Hellesylt, og i motsetning til namnet var det ikkje akkurat sola som var dominerande. Hellesylt vakna til eit kvitt virvar, snøen lava ned.

Gjengen på kaia måtte innrømme at det var litt kaldt og uvant med snø når ein cruisebåt la til kai, men fortøyinga hadde gått utan problem.

Båten låg til kai ei stund før dei fyrste turistane begynte å gå av båten og inn i bussane som skulle skysse dei til dagens opplevingar i litt spesielle omgjevingar. Nysnøven kraup langt ned mot fjorden.

AIDAsol er altså fyrste skip til kai på Hellesylt i år og etter planen skal det også vere siste skip til kai 20. oktober.