Erleria er ikkje over

Sludd og snø venta i helga

Bebuarane i Strandadalen, deriblant bladstyraren, måtte fredag morgon erkjenne at våren ikkje heilt er kome likevel....  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Erleria er ikkje over.

Det er venta sludd- og snøbygar heile helga, og no går Vegtrafikksentralen ut og åtvarer bilistar. Det har fredag blitt meldt om fleire trafikkuhell i fylket.

Det er venta vanskelege køyreforhold til og med søndag. Utover i veka kjem igjen varmt vêr - i Stranda tettstad skal temperaturen mot neste helg krype opp mot tosifra plussgrader, om alt slår til.

- I Møre og Romsdal og Trøndelag ventar vi i helga sludd- og snøbygar. I låglandet kan det om natta leggje seg i låglandet og høgareliggande strøk. Rekn med ekstra tid til transport, bruk riktige dekk og køyr etter forholda, er oppmodinga frå Vegtrafikksentralen.

Meteorologisk institutt har følgande melding for vêret i helga:

- Fredag, laurdag og søndag er det venta sludd- og snøbygar. Det er venta opp mot fem centimeter nedbør, mest i indre strøk. I høgareliggande strøk er det venta vesentleg meir, og det kan leggje seg snø òg på dagtid, lyder meldinga hjå Yr.no.