Mange hendingar på kort tid

Øving Balder 2019

Det var mykje som skjedde i Geiranger, på Hellesylt og på Stranda når ti aktørar øvde på beredskap samtidig.
Nyhende

Før øvinga fekk dei om lag 100 involverte informasjon i ulike bolkar. Observatørar og markørar fekk eit kort innblikk i kva som skulle skje, medan dei som skulle øve på beredskapen fekk god og kunnig rettleiing av Guy Power, administrerande direktør i Safe4 Risk Solution. I øvingsteamet hadde han med seg fleire personar med lang erfaring innan politiarbeid.