Ungdomsleikane i Lillehammer

Gull til Martine

Ikkje overraskande hamna Martine Sve øvst på pallen under Ungdomsleikane på Lillehammer i øvinga luftrifle 10 meter. No ventar toppidrettsgymnas på Stranda-skyttaren.  Foto: Foto: Privat

Nyhende

Martine Sve fortset dei gode resultata på skytebanen. I helga vart det gull i Ungdomsleikane på Lillehammer.

Ungdomsleikane er eit stort arrangement - med heile 2.000 ungdommar som konkurrerar i 15 ulike idrettar.

Sve deltok i 10 meter internasjonal luftrifle, der ho tok gull i klassen U16 med 287 poeng på 30 skot ståande.

Dette er samtidig Noregsmeisterskapen for ungdom.

I same meisterskap tok ho endå ei gullmedalje, då som deltakar i laget for Kisen MSL i lagskyting.

- I superfinale til slutt vart det ein flott 4 plass, der dei tre beste i kvar klasse konkurrerte i ein utslagsfinale med gult og rødt kort. Ein artig vri litt utanom vanlige finaler, fortel far Frank Sve.

Til hausten starter Martine på Norges Toppidrettsgymnas i Kongsvinger, der ho satsar for fullt på dei internasjonale greinene matchrifle 50 meter og luftrifle 10 meter.