– Endeleg tilbake på Stranda

Temposjonglør: Blant utøvarane som blir å sjå i sirkusmanesjen er Rafel De Carlo frå Cuba, omtalt som temposjonglør i verdsklasse, foto: sirkus agora  Foto: Sirkus Agora

Nyhende

– Vi gler oss til å presentere ny sirkusframsyning for strandarane, seier Jan Ketil Smørdal i Cirkus Agora.

Og det på sjølvaste bursdagen til sirkusdirektøren, som er i dag 9. mai. Venteleg kan ein vente seg bursdagssongen når framsyninga tek til på grusbana i Stranda tettstad.

Det er heile tretten år sidan sist Smørdal var i Stranda, men han er jo ikkje ukjend i desse trakter:

– Ein gong i tida hadde eg ambisjonar om å bli alpinist, så eg er godt kjend i bakkane på Strandafjellet, seier sirkusdirektøren til Sunnmøringen.

– Vi har med oss eit program som er i toppklasse, seier han.

– Vi har akrobatikk, klovnestrekar og ein heilt ny debutant. Erika Hågensen frå Trondheim er særs talentfull sirkusartist som strandarane kan gle seg til å sjå, seier han.

Blant mange andre innslag får vi mellom anna oppleve Rafael De Carlo frå Cuba, som går under tittelen «temposjonglør» - men òg sirkusdirektøren sjølv vil by på overraskingar undervegs i framsyninga vert det lova frå Smørdal.