– Vi treng gode kandidatar

Vernepris: Synnøve og Hans på trappa til Lensmannsstova.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Sogelaget ber om nominasjonar til kandidatar for «Godt vern»-prisen.

– I fjor var det Lensmannsstova i Sunnylven som fekk Godt vern-prisen av Stranda sogelag, og no er vi på jakt etter nye kandidatar, seier Tordis Urke i Sogelaget til Sunnmøringen.

– Fristen for å nominere er 15. august, og vi ønsker oss mange gode kandidatar, seier Urke.

Stranda sogelag si årsmelding syner at medlemstalet har gått noko ned, ved utgangen av året var det 382 medlemmar i sogelaget.

Arne Olav Stavseng fekk i fjor avløysing som leiar i sogelaget av Jens Arne Hessegjerde som sit som leiar i sogelaget for perioda 2018 - 2019.