Holmenkollstafetten gjekk føre seg i helga

Kristine til topps

Det er ikkje mange sunnmøringar som har fått moglegheita til å smake på den gode følelsen det er å vinne Holmenkollstafetten. Kristine Hjellbakk Hole fekk sjansen til det i helga.

SEIER I FØRSTE FORSØK: Kristine Hjellbakk Hole hadde all mogleg grunn til å vere fornøgd etter at ho hadde vore med og vunne Holmenkollstafetten.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyhende

16-åringen løp nemleg ei veldig god etappe da Norges Toppidrettsgymnas vant den prestisjefylte studentklassen i landets største løpsstafett. Hjellbakk Hole og lagvenninnene sette både Noregs idrettshøgskole, Oslostudentene som har mange år bak seg i eliteklassen og ei rekke andre gode studentlag på plass.