FV63 opnar for sesongen

Vegopning torsdag morgon

  Foto: Bjarne Bekkeheien Aase (Arkiv)

Nyhende

Statens Vegvesen melder at både Trollstigen og Geiranger-Langvatn på FV63 opner torsdag morgon.

- Det er fortsatt tidleg i sesongen, og fortsatt mykje snø i fjellet. Vegane kan bli stengd på kort varsel om ein ikkje kan køyrast på sommardekk eller at vi får aukande skredfare, seier seksjonsleiar Torgeir Bye i Vegvesenet.

Bye oppmodar bilistar som planlegg å køyre desse vegane om å sjekke trafikkmeldingar i førekant.