Verdsarvvertar utnemd

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv satsar på e-læring for å utdanne lokale guidar med spesialkompetanse på verdsarvområdet.

Verdsarvvertar: Guidar og vertskap frå bedriftene Vinje Camping, Geiranger Fjordservice og Geiranger & Nordfjord Cruise handling AS.  Foto: Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv

Nyhende

Verdarvstiftinga og Grøn Fjord-partnarane har gått saman om å utvikle e-læringsplattformen, for å bidra til at tilsette og vertskap i Geiranger skal bli endå dyktigare på si vertskapsrolle.

– Det er per no om lag hundre personar som har fått tilgang til e-læringsprogrammet. 33 personar har sålangt gjennomført nivå ein, og åtte personar har gjennomført nivå to. Det syns vi er ein svært god start etter så kort tid, seier Merete Løvoll Rønneberg som er formidlingsleiar i verdsarvstiftinga.

– Vi har allereie fått tilbakemeldingar om at dette er eit godt verktøy for å få kunnskap om området. Det syns vi er gledeleg, seier Rønneberg i ei pressemelding.

Vertskapsrolla

Fokus på vertskapsrolla i verdsarvområdet er noko av det nettbaserte kurset som stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv i samarbeid med TIDE har utvikla.

Kurset er delt i tre nivå og kravet for å gjennomføre kurset er må vere Grøn fjord partnar. Om lag hundre personar har til no fått tilgang til plattforma, stadig nye kjem til.

– Seinast i dag har vi vore i kontakt med nye som ønsker tilgang, seier Merete Løvoll Rønneberg i stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Dei fyrste «World Heritage Host Geirangerfjord» har gjennomført kurset og vart feira med kake og utdeling av merke i Geiranger.

33 har foreløpig tatt nivå 1 som gir bronsepin, 8 har tatt nivå 2 som gir sølvpin. Nivå 3 er ikkje klart enno, men er undervegs. Ikkje alle var til stades for å ta imot merke sidan ikkje alle er komne til Geiranger ennå.

Gratistilbod

Tilbodet om VerdsarvVert-kurset er gratis for alle bedrifter som er partnar i Grøn Fjord i Stranda og Norddal.

– Vi er mellombels ikkje ferdig med nivå tre. Dette nivået er eit ekspertnivå, for alle som ønskjer djupare kunnskap om verdsarvområdet. For å kunne ta dette kurset, må du bygge på kunnen du opparbeidar deg i nivå ein og to, fortel Rønneberg.

Kurset blir for augneblinken tilbudt både på norsk og engelsk.