Stor aktivitet i samtlege bygdelag

Hurra for 17. mai

Nyhende

Det er som kjent Noreg sin grunnlovsdag i morgon - og det blir eit mylder av aktivitet i alle våre fire bygdelag.

Stranda tettstad

Klokka 0500 (ja, du las riktig!) startar nasjonaldagsfeiringa for russen. Då set russekulla hjå Stranda vidaregåande skule og Vestborg kvarandre i stemne på Mona Stadion. Om det blir "lange flate ballær" er usikkert - men Stranda fotball sitt styre vil servere Grandis til ungdommane etter endt dyst.

Russen tek òg samfunnsansvar, med å vekkje Stranda tettstad klokka 0700 - tradisjonen tru.

Klokka 1000 er det gudsteneste i Stranda kyrkje, før ein stiller til 17. mai-tog kvart over elleve ved omsorgssenteret. Salutten går, igjen som tradisjonen tilseier, klokka halv tolv.

Klokka 1230 startar festprogrammet frå utescena ved Storfjord kulturhus - med mellom anna songinnslag frå 3. og 5. trinn ved Ringstad skule, kulturskulen, U-trykkbidrag og Kor Løye.Hovudtalar i år er Petter Hjørungdal.

Etter arrangementet er det kransenedlegging ved bautaen til Olav Lie.

Kulturhuset har open kafe og det er leikar for barna i hotellparken.

Nytt i år er at Donka Uzunova-Petkova og Arknod kunststudio i Bankgata byr på kunstutstilling - der alle kursdeltakarane i "Kunst for vaksne" skal stille ut sine verk.

Klokka 1700 byr Stranda bedehus inn på festarrangement.

- Vi har mykje fellessong på programmet, med tonefølgje av Andre Ramstad på piano. Vi har òg innslag med Ksawier Kowalski, som er ein lovande ung pianist frå kulturskulen, seier Kåre Bø i arrangørkomitèen.

Både quiz og leikar for barn blir det på bedehuset, og ei god matykt underveg.

- Små og store strandarar er hjarteleg velkomne, seier Bø.

Sunnylven

Dagen startar like tradisjonsrikt i Sunnylven som på Stranda - klokka 1045 vil skuleelevane ved Sunnylven skule leggje ned krans på minnebautaen etter dei falne i Andre Verdskrigen ved kyrkja.

Klokka 1100 blir festgudstenesta i år forretta av prost Svein Runde, med bidrag frå Sunnylven skulekorps og Joyful.

Barnetoget går frå Sunnylven kyrkje klokka 1145, om Hæggstad gård til omsorgssenteret og vidare til skulen.

Barneleikarringen til Hellesylt ungdomslag skal sjølvsagt opptre ved omsorgssenteret - dette skjer klokka 1300.

Frå halv eitt er det sal av mat og drikke ved Sunnylven samfunnshus.

Klokka 1500 startar nasjonaldagsfesten på samfunnshuset, der det blir innslag frå skulekorpset og tale for dagen av tiandeklassingane ved Sunnylven skule.

Liabygda

Klokka 1145 er det festgudsteneste i Liabygda kyrkje.

Salutten går klokka 1215, samtidig som barnetoget går frå kyrkja til Langemyra om omsorgsbustaden.

Valldal hornmusikk speler denne dagen, tradisjonen tru.

Klokka 1300 er det klart for storstilt 17. mai-feiring på Langemyra - der elevane ved Liabygda skule skal syngje, det blir tale for dagen - konkurransar og natursti, for å nemne noko.

Og sjølvsagt sal av is, brus, pølser og kaffi.

Geiranger

Jårångarane startar dagen med 17. mai-tog frå Svingen klokka 1030, før festgudstenesta startar i Geiranger kyrkje klokka 1130.

Gildetun ungdomshus er eit sjølvsagt knutepunkt på nasjonaldagen - der blir det sal av både mat og drikke frå halv eitt. Det blir òg tale for dagen, song og quiz lovar arrangørkomitèen.

- Vi gler oss til å sjå dykk. Velkomne til 17. mai-feiring, seier dei.