Åtvarer mot uvettig droneleik

  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Møre og Romsdal politidistrikt åtvarer mot uvettig droneleik i ei pressemelding.

Luftsfartstilsynet sitt regelverk om droneleik

Luftfartstilsynet har utforma fem hovudreglar for såkalla "droneleik", altså bruk av droner på hobbybasis:

- Du skal alltid kunne sjå drona, kun fly i dagslys og fly den på ein omsynsfull måte. Du skal aldri fly i nærleiken av ulukkesstader.

- Ikkje fly nærare enn fem kilometer frå lufthamner, med mindre anna er avtalt.

- Ikkje fly høgare enn 120 meter over bakken.

- Ikkje fly over festivalar, militære område eller sportsarrangement. Hald avstand på 150 meter.

- Ta omsyn til andre sitt privatliv. Hugs reglane for bruk av foto og video av andre personar.

- Dei som driv med droneleik har plikt til å gjere seg kjende med regelverket, og ein kan bli straffeansvarleg om brot på reglane blir avdekka, understreker stabssjef Kenneth Sætre i Møre og Romsdal politidistrikt.

- Den mest vanlege reaksjonsformen frå politiet si side er bøtelegging, men det må vurderast konkret frå tilfelle til tilfelle, seier Sætre.