Sunnylvingane gjorde det igjen

Isak Elias   Foto: Ola Vangen

Nyhende

I helga gjorde sunnylvsskyttarane igjen veg i vellinga på skytebana i Sparebanken Møre Cup.

Skyttarlaga Aalesund, Engesetdal/Skodje og Langevåg Sunnmør var arrangørar for cupen denne helga. Om lag 100 deltakarar var i helga i aktivitet.

Brødrene Frøysadal Hauge sto nok ein gong for dei sterkaste resultata.

Isak Elias vann eldre rekrutt-klassa med poengsummen 1047 - fordelt på 350 (fullt hus) poeng pluss 347 poeng pluss 350 poeng. Han fekk sterk konkurranse frå Edvard Haugen frå Lom og Skjåk som fekk same poengsum - men slik reglane er, gjekk Isak Elias av med sigeren med fleire innartiarar. Isak Elias fekk òg utmerking for beste finaleomgang: 100 poeng, og heile ni sentrum.

Isak Elias gjekk av med sigeren i Aalesund og Langevåg med fullt hus, og tredjeplassen i Engesetdal/Skodje med 347 poeng.

Broren Ørjan vann rekruttplassen med 1035 poeng, eitt poeng føre Teodor Klokset Lilleng frå Engesetdal/Skodje.  I tillegg til cupsigeren fekk Ørjan med seg ein siger og to andreplassar med 348 poeng, 344 poeng og 343 poeng.

Ivar Fivelstad skaut til ein tredjeplass i cupen i klassen 3-5. Dag Andre Hauge tok ein 12. plass, og Kjell Oddvar Frøysa 19. plassen - båe i klassen 3-5.

Martine Sve deltok i cupen i juniorklassa, og skaut 1031 poeng - noko som heldt til ein fjerdeplass totalt.

Faren Frank Sve deltok i klasse 3-5 og tok 39. plassen.

Roger Vangen deltok i klasse 2 - og skaut seg inn til ein femteplass.