Utbygging av breidband

Liabygda og Strandadalen prioritert

illustrasjonsfoto  Foto: Tetiana Vitsenko/Colourbox

Nyhende

Formannskapet skal måndag handsame Stranda kommune sin søknad om offentleg tilskott til breidbandr for 2019, og kva område som skal prioriterast for bredbansbygging.

Tilgjengelege midlar for Møre og Romsdal fylke er i år på vel 13,9 millionar kroner.

I tilrådinga frå rådmannen blir Liabygda og Sve-Røyr (Strandadalen) prioriterte område i år.

- Ordninga skal støtte utbygging av breidband som i dag manglar tilbod om kapasitet på 30 Mbit/s eller høgare, og der det ikkje er planlagd utbygging i regi av komersielle aktørar. Fylket vil prioritere område der det berre er tilbod om 10 Mbit/s eller lågare, og område som i dag har eit tilbod avgrensa inntil 30 Mbit/s levert via koparnetet, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Tilrådinga er at Liabygda og Sve-Røyr blir prioritert.

- Liabygda fekk ikkje støtte frå fylket i fjor. Helset-Rødset vart ikkje definerte som søkbare utifrå dei kriteria som gjaldt i fjor, skriv rådmannen.

Det blir poengtert frå rådmannen at Liabygd i lang tid har slite med dårleg kapasitet på breidband. Liabygda Vel har tidlegare signalisert at dei kan tenkje seg å ta ein del av dugnadsarbeidet for å få realisert utbygging, då det er vilkår om minst 25 prosent eigeninnsats for å få tilskott.

Kva gjeld Strandadalen, har Telenor tidlegare varsla at sentralen på Helstad blir lagt ned frå 31. desember 2020. 53 husstandar innover dalen får breidband frå denne sentralen.