Første gang kurs blir arrangert i kretsen

Fokus på mat og trening

Viktig tema: Stranda IL byr inn unge idrettsutøvarar, foreldre, føresette, trenarar og andre interesserte til ein temakveld om kosthald og trening i kveld. Det blir sett av ein spørsmålsrunde, der foreldre og føresette kan kome med spørsmål til føredragshaldarane om temaet. illustrasjonsfoto: colourbox  Foto: Photographer:SerrNovik (Sergey N

Nyhende

– Dette er eit svært viktig tema, så eg oppmodar både barn og foreldre til å melde seg på, seier Ragnhild Opheim Gjerde i Stranda IL.

I kveld blir det for første gong arrangert temakveld om sunn idrett i Stranda.

Temakvelden vil ta føre seg korleis ein får til eit kosthald som gir overskot ikkje berre til trening – men òg skule og andre aktivitetar.

I tillegg er det lagt opp til at foreldre og føresette kan kome med spørsmål i ein del av arrangementet.

Stor målgruppe

– Målgruppa er barn og ungdom som driv idrett i vårt område, trenarar og føresette, seier Gjerde.

– Temakvelden kjem i stand etter eit ønske frå idrettslaget, då vi opplever at det er eit svært viktig tema. Om ein ikkje har eit godt kosthald, vil ein ikkje utvikle seg som idrettsutøvar, seier Gjerde.

Temakvelden er for både gutar og jenter, og den er gratis – men med påmelding.

– Vi voner mange påmelde. Invitasjonen har gått ut til alle undergruppene i idrettslaget, seier ho vidare.