No kan du søkje om pendlarpass

  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

I år som i fjor kan jårångarane søkje om pendlarpass på sambandet Eidsdal-Linge.

Pendlarpasset gjeld i perioda frå 20. juni til 10. august, frå klokka 10 - 17 dagleg.

Stranda kommune har inngått avtale med Norddal kommune som forvalter pendlarpass-ordninga, og det er Norddal kommune som tek imot søknader om pendlarpass.

Både privatpersonar som er busett i Geiranger og bedrifter som held til i Geiranger er omfatta av ordninga.

Det er òg sett av inntil fem parkeringsplassar til pendlarar både på ferjekaia på Linge og i Eidsdal.