Motellbygget frå 70talet blir demontert

Steller til Hellesyltneset

Basecamp Hotell Hellesylt startar å rive motellet på Hellesyltneset som eit fyrste trinn i oppgradering av området rundt Grand Hotell.

Motellbygget på Hellesyltneset er ramma av herværk. Eit av romma er brannsløkkingsapparatet brukt i herværket.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Stranda kommune har gitt selskapet løyve til å rive bygget frå 70-talet. Bygget er prega av forfall, og der er spor etter innbrot og hærverk på enkelte av romma. Utandørs er lampekuplar knuste og fleire vindusruter mot fjorden er knust. Eit av romma er tilgrisa av pulver frå brannsløkkingsapparat.