Heim for å vise fram prosjektet sitt

Syner fram eksamensfilm

Bakglatt er Solveig Årdal sin eksamen/bacheloroppgåve etter tre år på filmregilinja ved Norsk skuespillerinstitutt i Oslo.
Nyhende

Deler av filmen er spela inn på Stranda og Årdal er no klar for å syne den fram for publikum i Storfjord Kulturhus.

Bakglatt skal vere ein morosam dramakomedie om to damer og eit tilfeldig møte på påskefjellet. Den eine er ei sørgande og redd kvinne frå bygda og den andre er ei utbrent karrierekvinne frå byen. Filmen beskriv deira trøblete samspel med kvarandre og naturen. Det trøblete samspelet lærer dei til slutt å kome over sine personlege hinder før dei på ny kan leve livet med fornya livsglede.


Strandar kjem heim for å spele inn film

Heim for å lage film