Mykje rørt saman i Eidsdalen

Familiefest i frukthagen

Komande helg gjentek eidsdalingane suksessen Eidsdalsrøre, og inviterer til familiefest for sjette året på rad.

Korpsmusikk: Eidsdal musikkorps spelar korpsmusikk frå scena i Eidsdal under Eidsdalsrøre. Laurdagen byr på musikk i ulike variantar, utstillingar, teater og «Bondeolympiade». – Det er enkelt å finne fram i Eidsdal, berre gå etter lyden er oppmodinga frå Gunnar Inge Eide i arrangementskomiteen til tilreisande gjestar. Bildet er frå fjorårets Eidsdalsrøre. Arkivfoto  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Vi vil vise at vi er stolte av å vere ei landbruksbygd.

Bondeolympiade: I 2016 stod mellom anna øksekast på programmet. Øvingane i årets «Bondeolympiade» er foreløpig ein godt bevart hemmelegheit i arrangementskomiteen. Arkivfoto  Foto: Arild Ringdal

Nyhende

– Namnet kom til rett og slett fordi det er ein god miks eller røre av aktivitetar, og det skjer jo i Eidsdal, seier Gunnar Inge Eide i arrangementskomiteen.

Frå fredagskvelden til laurdagskvelden er der ein rikhaldig meny å velje mellom for familiar, men og for kulturinteresserte.

Mjuke tonar på kvelden

Fredagskvelden er via den svenske artisten Monica Zetterlund. Viser frå hennar repertoar er tolka av musikantane i gruppa MonicaZ vals. Erik Jøkling som spelar trommer i bandet har røter i Eidsdal.

Variert program

Laurdag kan ein oppleve blant anna traktorutstilling, levande musikk og teater på marknaden i Eidsdal.

– Vi har lagt vekt på at det skal vere noko både for born og vaksne, fortel Eide

Borna kan komme i nærkontakt med husdyr som kje, kalvar og høns i minidyrehagen og det er også mogleg å ta seg ein runde på hesteryggen.

Underhaldande og humoristisk blir det når bondelaget inviterer til «Bondeolympiade».

– Årets øvingar vil vi ikkje røpe enda, seier Eide i arrangementskomiteen. Før har vi hatt blant anna kappspringing i store støvlar og potetplukking. Vi vil vise at vi er stolte av å vere ei landbruksbygd.

Musikk og kultur

Eidsdal blir presentert i lysbildeforedraget «Eidsdal – før og no». Både kortreiste og meir langreiste musikarar byr på trekkspel, korpsmusikk og rock ‘n’ roll.

–Det bør vere noko for ein kvar smak, difor byr vi på eit variert musikktilbod med musikk i ulike genrer, seier Gunnar Inge Eide.

Teaterstykket «Fredsvener» som handlar om Borgny som er 10 år som aldri har hatt ein skikkeleg besteven. Fredsvener har eit alvorleg tema med innslag av humor samt mykje energi. Teaterstykket skal både vere underhaldande og oppmode til ettertanke.

Eidsdalsrøre blir avslutta med ein duokonsert med Ingrid Olava og Ole Jørn Myklebust godt hjelpt av eit kor med lokale unge songarar.