Storfjordens venner held Storfjordstemne

Stokke i Oaldsbygda

I ei pressemelding melder Storfjordens venner om Storfjordstemnet som blir å halde på Stokkegarden i Oaldsbygda søndag.

Frå eit tidlegare Storfjordstemne.  Foto: Akrivfoto

Nyhende

Det susar historie i grenda Oaldsbygda. I 1910 budde 70 menneske i grenda i Sunnylvsfjorden. 13 år før det kom Oaldsbygda postopneri til og fram til Oaldsbygda fekk kei i 1932 rodde dei ut til rutebåten med både reisande og gods. I 1924 vart skulebygget bygt, før det hadde det vore omgangsskule. 6 år seinare kom det største løfte i Oaldsbygda si historie, då skaffa Oaldsbygda seg telefonsamband og lina til Eidsdal stod klar i 1930. Fråflyttinga starta etter andre verdskrig og i 1953 flytta dei siste frå Oaldsbygda.

Tradisjon tilbake til 1975

Storfjordstemnet har vore arrangert kvart år sidan 1975 og i år er det altså lagt til Stokkegarden i Oaldsbygda. Det er sett opp båttransport både frå Geiranger og Hellesylt i tillegg til at det er sett opp båt tur/retur frå Ålesund til stemnet.

Av program blir det innslag både frå grunneigar, Stranda kulturskule og Storfjordens venner skal presentere prosjekt dei arbeider med no.