Det 44. Storfjordstemnet på rekke.

Storfjordstemne høgt over fjorden

Storfjordens Venner inviterte publikum til Storfjordstemne på garden Stokke i Oaldsbygda.
Nyhende

Nyvald leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal, ønska publikum vel møtt til nyslåtte markar på garden Stokke, 300 meter over Sunnylvsfjorden. På fjorden passerte både Hurtigruten og cruisebåtar i eit møte mellom dagens teknologi og det historiske på fjellgarden.