Vedtak i fylkesutvalet

Nei til autopass på fylkesvegferjer

Sykkylvsfjord, ferje Stranda-Liabygda.  Foto: Arkiv

Nyhende

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vil ikkje innføra autopassordninga på fylkesvegferjene.

Det vedtok fylkesutvalet ifylgje fleire media på møtet tysdag. Årsaka skal vera at fylkesutvalet er bekymra for store inntektstap.

Ifylgje Sunnmørsposten får fylket i dag inn 100 millionar kroner gjennom billettsalet til bilpassasjerane. Dersom autopassordninga blir innført på fylkesvegferjene, vil fylkeskommunen gå glipp av desse pengane. Autopassordninga omfattar nemleg både køyretøy og passasjar. Fleirtalet av fylkesutvalet skal ifølgje avisa heller ikkje ha vore villige til å auka prisane for bilar for å kompensera for dei tapte passasjerinntektene.

I praksis betyr det at fylket får to parallelle ordningar; ei der ein på fylkesvegferjene held fram med same betalingsordninga som i dag og ei anna for riksvegferjene der ein betalar med såkalla autopassbrikke.

Fylkesordførar Jon Aasen, som sjølv røysta for forslaget, har derimot lita tru på at fylkeskommunen får det som dei vil

– Det er heilt sikkert ikkje ei levedyktig løysing. Stortinget har bestemt at det skal innførast autopass, og ein kan ikkje ha eigne reglar for Møre og Romsdal, seier han.