Nytt ultraløp

Frå Fjord til Fjell i helga

Frå fjord til fjell: Rune Maråk fortel at han gleder seg til å arrangere «Geiranger frå fjord til fjell» igjen på laurdag. – Vi ønsker velkommen igjen, alle som skal vere med, seier han. Bildet er tatt ved startstreken i fjor. Tesfayohannes Mesfun, i blått til venstre, sprang inn på tida 1.30.18. Men framleis er det Hans Martin Gjedrem som har rekorden i Nibbeløpet på tida 1.28.57 frå 2009. Rekorden for damene, 1.39.54, sette Anita Håkenstad i 2007. Arkivfoto: Maria Nerhus  Foto: Maria Nerhus

Snart fremme: Fleire deltakarar nærmar seg målstreken i Nibbeløpet. Foto: Atle Hole  Foto: Atle Hole

Nytt ultraløp: Knut Arild Maråk kan melde om at i år kan dei sprekaste prøve seg på det nye ultraløpet Geiranger World Heritage Ultra. arkivfoto  Foto: Maria Nerhus

Nyhende

Tradisjonen tru er det laurdag igjen klart for Geiranger frå fjord til fjell – men denne gongen med ei skikkeleg styrkeprøve i tillegg.

Nibberittet og Nibbeløpet vert arrangert som tidlegare med start i Geiranger og målgang på Dalsnibba etter 21 kilometer og 1500 meter stigning.

– Dette er ei skikkeleg prøve for kroppen som byr på flotte naturopplevingar frå sommaren ved fjorden til snøen ved målgang, seier Knut Arild Maråk til Sunnmøringen.

Noko for ein kvar

– Om dette blir for strevsamt for din smak er det mogleg å delta i trimklassene. Desse går i same løypene, men utan tidtaking. Eit anna alternativ er Nibbeløpet Mini. Dette løpet er 4 kilometer langt og har 300 meter stigning. Løpet er tiltenkt dei yngre, men er også eit alternativ for dei som ønsker ein kortare distanse, seier Maråk.

Nytt av året er løpet Geiranger World Heritage Ultra. Eit nytt ultraløp med start i Norddal, via Eidsdal og så til Geiranger og vidare opp til målgang på Dalsnibba. Dette løpet er på cirka 57 kilometer og har ei stigning på rundt 3000 meter opp og rundt 1500 meter ned.

– Dei første 36 kilometerane til Geiranger går stort sett på sti/traktorveg, mens siste del frå Geiranger til Dalsnibba følgjer same trasé som Nibbeløpet. Dette er ei knalltøff utfordring som går gjennom eit av dei vakraste natur- og kulturlandskapa i landet, seier Maråk.

Prøve noko nytt

Det nye ultraløpet vil vere eit prøveløp i 2019 og grunna praktiske årsaker gjer dette at Nibbedobbelen ikkje vert arrangert i år.

– Vi ønsker å prøve noko nytt i år. Ultraløp er ein forholdsvis ny trend i Norge, men interessa er aukande. Vi ønsker å rette oss mot dei som driv med ultraløp fast, men også dei som berre er på jakt etter ei skikkeleg utfordring. Hittil er det sju påmelde til ultraløpet, men det er framleis god tid til å melde seg på, seier Maråk.

Samlar bygdelaga

Arrangementet er eit samarbeid mellom Geiranger I.L og Eidsdal I.L.

– Det nye ultraløpet går via både Norddal og Eidsdal før det kjem til Geiranger. Det at heile arrangementet ikkje berre går føre seg i Geiranger trur eg gjer at alle bygdelaga får litt meir eigarskap til arrangementet, noko som berre er positivt, avsluttar Maråk.