Reko-ringane blir forskarmat

Reko-ringar er det mange av rundt om i Noreg, deriblant i Stranda ved Haavardgarden på Engeset. No skal tilbodet bli forskingstema.  Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Nyhende

Fleire og fleire bønder vel å selje produkta sine direkte til forbrukar via digitale plattformer – såkalla reko-ringar – i staden for å gå gjennom dei store kjedene. No skal fenomenet forskast på, fortel NRK.

Reko-ringane, som no har 800.000 medlemmer i Norden, brukar Facebook som plattform og bøndene leverer rett til forbrukar på ein lokal marknadsplass. Reko står for rettferdig konsum. I 50 norske kommunar har bønder hivd seg på distribusjonsforma.

Professor ved Universitetet Søraust-Norge, Per Egil Pedersen, skal no forske på fenomenet. Han meiner måten vi handlar matvarer på kjem til å endre seg mykje på kort tid. Men akkurat korleis, veit han ikkje.