Naturlos til Ljøbrekka

Bli med ordføraren til Ljøbrekka

I morgon er ordførar Jan Over Tryggestad Naturlos til Ljøbrekka.

Siste etappe av Ordførarturen går sving i sving oppover fjellsida. Naturlosturane er eit lågterskeltilbod.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Turen til Ljøbrekka startar på parkeringsplassen ved tunnelopninga i Strandadalen. Om lag 400 høgdemeter lenger oppe ligg målet for turen.

Det er ein variert tur med både flate parti så vel som parti med stigning. Totalt er turen berekna til å ta 2–3 timar.

Naturlos er eit konsept for alle, også dei som kan ha behov for å gå saman med andre. Å gå saman med andre gir tryggleik så vel som sosialt samvær-

Turen til Ljøbrekka er som sagt variert og passerer Brekkevatnet før ein tek til på dei 15 svingane opp til Ljøbrekka. På toppen ventar nydeleg utsikt utover Herdalen.