Elvevandring langs Langedalsvassdraget

Mangfaldig elv

Naturvernforbundet i Ørsta og Volda ønskte å synleggjere nokre av verdiane i Langedalsvassdraget på Hellesylt og inviterte difor til elvevandring langs vassdraget.
Nyhende

Dei frammøtte vart møtt av lurspeling. Det var guide for turen, Helge Kvam Karbø som spela og ønskte velkomen. Han er oppvaksen på Karbø og kjenner elva og nærområdet godt. Karbø gjekk gjennom turen i korte trekk og opplyste både om rute og innhald. Både sjølve elva, biologisk mangfald og litt kultur var der plass til.