Snør sekken og dra på tur

familietur: Turen frå Vollset til Stegeholen på Flofjellturen er ein tur for heile familien - her går stor og tydeleg sti, som du kan gå med barnevogn og bruke sykkel på. Turen går heilt ned til Flo, men turkassen heng omtrent halvvegs på turen.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Stikk ut-sesongen er i gong – i Stranda kommune er det 14 turmål i våre fire bygdelag.

I 2017 vart Stranda kommune medlem av Sunnmøre Friluftsråd, og vart då samtidig med i Stikk ut-ordninga.

Turmåla i år er noko endra i einskilde bygdelag, men alle er godt merka og med fargekode.

Grøn kode betyr lett tur/trilletur, blå er litt meir krevjande. Raud fargekode indikerer lang tur/for litt fjellvante. Svarte turar er for turgjengarar med røynsle frå fjellet.

Nytt av året er at Ansokhornet og Liasætra i Liabygda er blitt utnemnd til Stikk ut-mål, i fjor var det Ansok som sto på turkartet. Parkeringa til Ansokhornet vil bli den same som for Ansok, på møbelfabrikken på Ringset.

Turane i Stranda

Stranda tettstad: Buvassbakken – grøn/trilletur

Stranda tettstad: Framste Herdalsvatnet - grøn - NY

Stranda tettstad: Dregetua - blå

Stranda tettstad: Langevatnet – blå

Stranda tettstad: Ljøbrekka - blå

Stranda tettstad: Langevatnet – Roalden – raud

Liabygda

Liabygda: Ansokhornet – NY

Liabygda: Liasætra – grøn NY

Liabygda: Overåsætra – blå

Sunnylven

Sunnylven: Kurlå – grøn

Sunnylven: Nausane – blå

Sunnylven: Flofjellet – grøn/trilletur

Geiranger

Geiranger: Møllsvatnet – blå

Geiranger: Vinsåshornet - svart

To ruter til Vinsåshornet

Det er ein diskusjon om akkurat Vinsåshornet som pågjeng, det eksisterer to alternative ruter til toppen.

Svartruta er for røynde fjellvandrarar, medan raudruta er lengre men ikkje fullt så luftig.

Turkart

Turkart til turane finn du på stikkut.no, morotur.no - og du kan òg få tak i Stranda kommune sitt eiga turkart hjå bokhandelen.