Nedgang i trafikken i mai

Ferjetrafikken i Møre og Romsdal sank i mai 2019 samanlikna med mai 2018.

Sykkylvsfjord, ferje Stranda-Liabygda.  Foto: Arkiv

Nyhende

Det var 16 627 passasjerar som tok ferja over fjorden mellom Stranda og Liabygda i mai månad i år. Det er ein nedgang på 10,4 % samanlikna med tala for mai 2018. Nesten 2 000 fleire reiste på denne strekninga i mai månad i fjor. Ser ein på køyretøy var det 880 færre køyretøy som tok ferja i mai 2019 enn mai 2018, ein nedgang på 5 %.

Hittil i år er nedgangen på strekninga i år samanlikna med same periode i fjor på 4,3 prosent, eller 2615 passasjerar. Det var derimot 0,7 % fleire køyretøy som har tatt ferja i dei fyrste 5 månadane enn same periode i fjor. Dette er 458 fleire køyretøy.

På ferjestrekninga Eidsdal–Linge er nedgangen større. 6950 færre passasjerar, eller ein nedgang på 21,8 % er fasit om ein samanliknar mai i fjor med mai i år. Likeins har talet på køyretøy gått ned med 16,7 % eller 3414 færre køyretøy.

Hittil i år er det ein nedgang i talet på passasjerar på 11,7 % og ein nedgang på 6,7 % i talet på køyretøy som er transportert på ferjestrekninga Eidsdal-Linge samanlikna med same periode i fjor.