Frivilligprisen til Petter Hjørungdal

Juryformann Jorunn Belt, prisvinnar Petter Hjørungdal og leiar i Frivilligsentralen Aud Tomasgard Berstad i kommunestyret onsdag. 

Nyhende

Juryformann Jorunn Helth sa følgande om prisvinnaren:

- Frivilligprisen for Stranda kommune skal gå til ein person som har lagt ned ein særskilt innsats frivillig arbeid i ei årrekke. Vi har fått inn mange gode forslag, ikkje enkelt å velge.  Prisvinnaren har eit stort hjarte for frivilligheit. Han har mellom anna vore involvert i turkart og merking av råser i Stranda kommune. Frå 2013 har han vore involvert i opprustinga av Den Trondhjemske Postvei. Det er eit stort prosjekt det står respekt av, som snart er ferdig med eit resultat det er å ta av seg hatten av. Han har eit stort hjarte for idrett, spesielt handball. Og han er genuint oppteken av utviklinga av Stranda kommune, med lang karriere i politikken. Årets pris går til Petter Hjørungdal.

Hjørungdal takka for prisen.

- Veldig, veldig kjekt å få denne prisen. Det er mange som gjer ein stor innsats for lokalsamfunnet. Eg lærte mykje i oppveksten og i utdanninga, og i frivillig arbeid. Stor takk for denne prisen, eg håper på at vi skal klare å fullføre Ljøbrekka. Vi er mange som bidreg på denne vegen, mange har vore velvillige til å hjelpe til, sa Hjørungdal mellom anna då han takka for prisen.

Årets kunstnar bak kunstverket som representerer Frivilligprisen 2019, er Donka Uzunova-Petkova.