Null promille i Geiranger

Bil, promillekøyring, illustrasjonsfoto, bilsaker, autofil.  Foto: Colourbox

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melder på Twitter om særs gledeleg resultat på trafikkontroll i området onsdag ettermiddag.

Trafikkontrollen vart gjennomført på FV63 i tidsrommet 1330 til 1430 onsdag ettermiddag, med spesiell fokus på dokument og promille.

26 bilførarar vart kontrollerte - som alle blåste grønt og hadde påkravd dokumentasjon (sertifikat/vognkort) med seg.