Amerikanske tilstandar i sentrum

Amcar: Det blir mykje gildt å sjå og høyre under Storfjordtreffet til Amcar Storfjorden som går føre seg laurdag. arkivfoto  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Alle autofile hjarter bør gle seg til laurdagen - då er det igjen klart for Storfjordtreffet i regi av Amcar Storfjorden.

Tidleg laurdag føremiddag startar utstillinga, tradisjonen tru i hotellhagen i Stranda tettstad.

Det blir utstilling av amerikanske bilar og veteranbilar, med premiering.

Prisklassane i år er «Longest Run», «Youngest contender», «Peoples choice» og «Club award».

Det store høgdepunktet for vegfarande og sentrumsgjengarar skjer presis klokka fire: Då køyrer ein kolonne gjennom bygda - og skal ein døme utifrå oppmøtet i fjor, vil det bli både mykje gromt å sjå - og ikkje minst høyre.

Det er trass alt heile poenget med amcar.