Fosseråsa i Geiranger fyrst ute

Nasjonal turiststi

Skulemusikk, Ordførar og statssekretær. Alle var til stades då Fosseråsa i Geiranger vart autorisert som Noregs fyrste Nasjonale turiststi.
Nyhende

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv hadde sydd saman eit innhaldsrikt program som starta med fotoutstillinga «Med hjarte for Geiranger» av Kimball Lacey. Utstillinga viser fram både gjennom bilete og tekst portrett av fleire som bur i Geiranger. Deira kvardagslege tankar og tankar kring kulturarven.