Trafikkontroll på FV60

Tre bilførarar fekk bøter

Illustrasjonsfoto.  Foto: Colourbox

Nyhende

Møre og Romsdal politidistrikt melder på Twitter at tre bilistar må bu seg på å betale til statskassa i etterkant av trafikkontroll på Engeset måndag føremiddag.

Femti bilførarar vart kontrollerte, tre av dei hadde ikkje med seg førarkortet - noko som er pålagd. Desse vart altså bøtelagde i samband med trafikk-kontrollen.