Hellesyltdagane like rundt hjørnet

– Velkomne til Hellesylt

Fredag kveld er den sedvanlege «uoffisielle» opninga av Hellesyltdagane med kyrkjekonserten – laurdagen brakar det laust for fullt med tettpakka program resten av helga.

STORE KVAKK: Sikre kjeldar i redaksjonen fortel at Store Kvakk er på plass på taket til bensinstasjonen - og gule ender er noko som er uløyseleg knytt til Hellesyltdagane. Rapportane frå Hellesylt Ungdomslag fortel at dei i år verkeleg har stått på med å merke endene, som sjølvsagt skal skuffast ut i Hellesyltfossen søndag ettermiddag - noko som markerer sluttstreken av dagane kvart år.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Mosjon: Hellesyltløpet har ein like sterk tradisjon som sjølve dagane - og mange faste deltakarar. Her frå starten i fjor.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

LUFTIG: I førekant av Hellesyltløpet i fjor, sendte ein rett og slett maskotane til dagane på ein luftetur med fallskjerm frå Steimsnibba.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

At det er den desidert største hendinga i Sunnylven kvart år, det er det ingen tvil om – kanskje òg den største hendinga i Stranda, etter kvart.

Korleis er status no like før det brakar laust?

Programleiar

Programleiar i år er Per Helge Frøysa, fødd og oppvaksen på Frøysa i Sunnylvsbygda.

Då Sunnmøringen ringer, er Frøysa på Kapp Verde-øyene på ferie, men bedyrar at han er heime igjen i god tid før det brakar laust.

– Veit du, eg gler meg. Vi har god kontroll på programmet, og eg skal styre så godt eg kan frå utescena, seier Frøysa.

– Det er ein fin jobb å vere programleiar, men å få kontakt med publikum er den største utfordringa. Dei er jo trass alt ikkje kome for å sjå på meg, dei er kome for innslaga sin del, skrattar Frøysa.

– Eg må innrømme at eg har ikkje vore på alle Hellesyltdagane, dei tel no over førti i talet, men at det er eit veldig positivt arrangement for bygda er det ingen tvil om. Ei heller suksessen. Eg er imponert over dugnadsinnsatsen som ligg bak, seier han.

No er det viden kjent at Hellesyltdagane har nokre særs gode kontaktar kva gjeld vêrgudane.

– Ja, dei plar vi vere heldige med. Og det satsar vi på i år, med, seier Frøysa.

Ifølge Yr.no, kan Frøysa få mykje rett i det – det er meldt opphald og høveleg ok temperaturar, etter nysnøv i fjellet tidlegare i veka.

Stort program

Som nemnt sparkar ein i gong dagane med kyrkjekonserten fredag, der Ingebjørg Bratland er solist.

Klokka tolv presis laurdag blir dagane offisielt opna av styreleiar i Stranda hamnevesen Olav Bratland.

Lars Martin Myhre held gratiskonsert på utescena, og Egil Olsen kjem nok ein gong tilbake til Øvre Ljøen for å halde konsert på amfiet.

Hellesyltløpet, helikopterflyging og i år òg eit traktorløp bak skulen – opplevingar for både store og små står i kø.

Og sjølvsagt: Andesleppet avsluttar dagane søndag ettermiddag.