FV63 Geiranger/Langvatn og Trollstigen

Kan bli stengd - grunna snø

Illustrasjonsfoto frå november.  Foto: Kåre Berge/Statens vegvesen

Nyhende

Vi skriv byrjinga av juni - men vêret tyder på vinter. Spesielt gjeld dette fjellovergangane i vårt område.

- Det snør i fjellet, og vi har brøytebilar og strøbilar på plass igjen på FV63, melder Statens Vegvesen Møre og Romsdal på Facebook onsdag ettermiddag.

- Det er venta låge temperaturar og mykje nedbør i natt. Entrepenørane vil gjere det dei kan for å hindre at snøen legg seg på vegen, men vegane kan bli stengd på kort varsel i kveld om det ikkje lenger er forsvarleg å køyre med sommardekk, skriv Vegvesenet vidare.

Dette gjeld både FV63 Geiranger/Langvatn og FV63 Trollstigen.

Oppdaterte vegmeldingar finn ein på nettstaden www.175.no