Forsterkar FV60 i Strandadalen

Asfalt: Statens vegvesen er klare for ein ny sesong med asfaltarbeid rundt om i fylket. Arkivfoto  Foto: vidar eliassen

Nyhende

Fylkesveg 60 i Strandadalen er ei av sju strekningar på forsterkingsprogrammet til Møre og Romsdal fylkeskommune i 2019.

Førebuingane starta denne veka.

Kantane blir skore slik at vatnet betre skal renne av vegen, grøftene blir reinska og fleire stikkrenner (rør gjennom vegen) blir skifta ut slik at vatn blir leda bort frå vegkroppen. Svake kantar blir også forsterka.Det blir lagt ca. 10 cm tjukk asfalt på heile strekningen. Det skal etter planen skje i september.

Det blir lagt ca. 10 cm tjukk asfalt på heile strekningen. Det skal etter planen skje i september. Det tjukke asfaltlaget er med på å auke bereevna til vegen. Det blir ikkje en breiare veg, men den blir sterkare, meir solid og vil halde i mange år framover. Det blir også montert nytt rekkverk på delar av strekninga.

Prislappen på forsterkninga er 3,5 millionar kroner.