Stenger busstoppet på Skateflua

Foto: Arkiv  Foto: Møre og Romsdal fylke

Nyhende

Busshaldeplassen på Skateflua vil bli stengd i perioden 8. til 14. juli, melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding torsdag føremiddag.

Busshaldeplassen på Skateflua er mellom anna stoppestad for bussen mellom Ålesund og Stranda, samt flybuss og ekspressen mellom Kristiansund og Volda.

Næraste busshaldeplass vil vere rutebilstasjonen, opplyser fylket.

Grunnen til stenginga av Skateflua busstopp i denne perioda, er at Ålesund båtfestival vil gå føre seg. Busstoppet blir stengd under sjølve festivalen, og under opp/nedrigging av utstyr.