Førsteinntaket er klart

Arkivfoto.  Foto: Sindre Omenås

Nyhende

Første inntak til vidaregåande utdanning i Møre og Romsdal er klart, fortel fylket i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Totalt har 9.628 søkjarar fått tilbod om plass i førsteinntaket til vidaregåande skule. I førsteinntaket er det nesten utelukkande søkjarar med ungdomsrett som har fått tilbod, og svarfristen på aksept av plass er 12. juli.

184 søkjarar med ungdomsplass har sålangt ikkje fått plass på VG1, 48 søkjarar med ungdomsplass har ikkje fått plass på VG2, og 17 søkjarar med ugndomsplass har ikkje fått tilbod om plass på VG3.

Samla sett er det i år færre som ikkje har fått tilbod om skuleplass i førsteinntaket.

- Vi veit frå røynsla at det er ein god del av dei som no står på venteliste som vil kome inn når andreinntaket blir køyrd i byrjinga av august. Vi vil syte for at alle med ungdomsrett får skuleplass til skulestart, andre søkjarar vil ikkje få tilbod før alle med ungdomsrett har fått skuleplass, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.

Det er venteliste på fleire av VG1-tilboda, deriblant teknikk og industriell produksjon, naturbruk og helse- og oppvekstfag.

For læreplassar, er det 1.264 søkjarar. Ved utgangen av juni hadde 824 søkjarar fått læreplass, som er ei auke frå same tid i fjor. For søkjarar til fagopplæring, held formidlinga fram til 1. november.