Stranda G16 på Norway cup

Stranda puljevinnar

Nyhende

Stranda sitt G16-lag i Norway Cup held fram med å vinne sine kampar. Tysdag ettermiddag slo dei Nordreisa 8-1 etter mål av Magnus Aal Løvlid 3, Thomas Langøylid 2, Jonas Hjelle, Aleksander Støverstein og Torjus Vestre.

- Ein grei siger. Samla sett var Stranda eit betre lag, utan at vi var veldig gode, fortel Sindre Hjelle.

Puljevinnar Stranda skal i morgon ettermiddag møte Bøler IL. -Veit lite om korleis dei stiller. Vi møtte dei i fjor som 11’ar lag. Då enda kampen 0-0, hugsar Stranda-trenar Hjelle.

Frå no av er det utslag, og skal laget få fleire kampar i årets Norway Cup må Stranda slå Bøler IL.

Kampen onsdag ettermiddag går på Rustad, Oslo øst, klokka 13.15.