Juli-tala frå NAV

Arbeidsmarknaden juli

Små endringar i sommar gjer at arbeidsløysa i Møre og Romsdal ligg stabilt på 2,2 prosent.

Svingingar: Talet på personar utan arbeid i Stranda kommune har auka med 10 personar sidan juni. Arkivfoto 

Nyhende

– Når vi tek omsyn til vanlege sesongsvingingar er arbeidsløysa i juli omtrent den same som i juni. Samanlikna med juli i fjor har vi hatt ein reduksjon i arbeidsløysa på nærare 16 prosent. Reduksjonen i landet er 6 prosent i same periode, så utviklinga i vårt fylke har vore relativt god, seier fungerande direktør Astrid Paulsen i NAV Møre og Romsdal.