Ta ekstra omsyn i trafikken vekene framover

Politiet har fokus på skulestart

Måndag startar skulane i Stranda kommune. Politiet har fokus på skulestarten heiter det i ei pressemelding.

Politiet er ute på oppdrag i vekene framover som ein forebygjande faktor mot trafikkuhell. 

Nyhende

– Meir enn 3000 førsteklassingar her i distriktet har sin fyrste skuledag i neste veke. Det betyr at mange små vil ferdast i trafikken på veg til og frå skulen. For dei aller yngste kan det vere ei spesiell utfordring. Barna har ei trafikkforståing som ikkje er godt nok utvikla, og alle bilistar må vise ekstra omsyn på skulevegen, seier Steven Blindheim som er trafikk-koordinator i Møre og Romsdal politidistrikt.

Frå Politiet si side er det viktig å vere ein førebyggande faktor og dei har fokus på nullvisjonen med 0 skadde og 0 drepne i trafikken.

– Politiet vil gjennomføre trafikkontrollar i tilknyting til skulestart der ein vil sjå på åtferd i trafikken til og frå skuleområdet, at folk køyrer roleg og fornuftig og at dei tek omsyn til dei unge skuleelevane, forklarer Blindheim.

Sjølv om hovudansvaret leggjast på bilistane understrekar Blindheim at det også ligg eit stort ansvar hos foreldra for å gi barna ein trygg skuleveg.

– Det er viktig at foreldra trener med barna på skulevegen, går saman, snakkar saman, og at dei vaksne er gode forbilde for barna. Viktig er det også å vere klar over farane knytt til fleire moderne el-framkomstmidler, seier Blindheim.